Bostøtte informasjon

Oppdatert av: Sissel Kvalø (09.sep.2015)

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Kven kan få bustøtte?
På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.

Sjekk om du kan få bustøtte (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/hvem-kan-fa-bostotte/ )

 

Korleis søkjer ein bustøtte?
Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden etter.
Søk bustøtte (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-soker-du/ )

Papirsøknader skal du sende til <legg inn kommunen/kontornamn, postadresse>.

 

Du må melde frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)
  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/meld-fra-om-endringer/ )

 

Klage på vedtak om bustøtte
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.
Klage på vedtak om bustøtte (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-klager-du-pa-bostotte/ )
Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/ ). Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleing

NAV Lødingen Sjøveien 14, 8410 Lødingen telefon 55 55 33 33

Regelverk

  • Lov om bostøtte (http://lovdata.no/dokument/NL/lov/2012-08-24-64)

KONTAKT OSS

 

Telefonliste

 


Org.nr:    945 468 661

 

Send oss sikker,
digital post via:

(klikk på ikonet)

 

 

digipost.png 

 Generelt post kan sendes
via:  E-post 
(OBS! ikke sikker kanal)

Fakturamottak:


Send faktura på mail.

EHF faktura (org.nr.945 468 661)

OBS!
Vi kan ikke motta EHF faktura
til Lødingen Havn eller Kirkelig fellesråd.

 

Postadresse:
Rådhusvegen 27
Postboks 83
8411 Lødingen


Telefon:  76 98 66 00
Faks:      76 98 66 40

Vakttelefon brøyting/sandstrøing

Erikstad/Kanstad

Lødingen/Neshamn

96014925

 

Ytterstad/Offersøy

Vestre vestbygd

47858087


Vakttelefon vann/avløp

481 76 250

116 111
Alarmtelefonen for barn og unge


Filminfo. på Facebook

kinoani_11okt.gif

Lødingen kinos samarbeidspartnere på skolekino: